22. august 2008

Ord på vandring

I går skrev Tone en liten fortelling i bloggen sin.  Hun hadde hørt den av Knut dagen før, Knut hadde hørt den dagen før der, osv.  Jeg syns moralen i fortellinga er verdt å tenke over, så jeg bringer gjerne historien videre her. 

 

"Det er historia om den vesle fuglen som alltid ville noko anna enn dei andre fuglane.
Dette gjekk fint sommaren gjennom. Fuglen kvitra og kosa seg her nord.

Så nærma hausten seg, og dei andre fuglane byrja tenkje på å dra sørover. Reisa vil eg utsetje ei lita tid tenkte den vesle fuglen. Dei andre drog, og han vart verande igjen.

Ettersom det vart eit kjøligare drag i lufta, innsåg den vesle fuglen at her kan eg ikkje bli lenger. Han drog i veg.
Leia kjende han og snart låg den norske kysten bak han.

Det var kaldt, altfor kaldt for ein liten fugl på veg sørover.
Då han hadde Danmark under seg var fuglen så nedkjølt at han knapt greidde slå eit vengeslag, og han fall til marka.

Der låg han nedkjølt og rørde ikkje på seg.

Ei ku gjekk der på jordet. Ho ensa ikkje fuglen, gjekk der og nippa i graset, og så slapp ho ei orntleg rukke over den. Fuglen som hadde vore bevisstlaus av kulde, kjende at no vart han så varm at han nok kunne flyge vidare.

På same tid som fuglen byrjar røre på seg, kjem ein rev over jordet og ser det røre seg i møka. Reven luskar bort,
løfter den vesle fuglen opp etter eine vengen,
rister den
... og så var fuglen slukt før den fekk sukk for seg.

MORALEN i denne historia er:
- Den som drar deg ned i dritten er ikkje alltid ein som vil deg vondt.
- Og den som trekkjer deg opp av dritten er ikkje alltid ein som vil deg vel."

3 kommentarer:

Tone sa...

Eg måtte beint sende Knut ein link og vise at forteljinga vandrar :)

Kari Aspenes sa...

Moralen i fortellingen ga meg frysninger. Det er stikk i strid med det vi så gjerne vil tro.

Ord til ettertanke.

merete sa...

Artig (moralsk) historie, - leste den hos Tone, men kommenterte jeg...?

Har lagt ut awarder i bloggen til deg, sammen med takk for oppmuntrende kommentar/er i sommer!